Annonse

Marianne Andersen raskast i VM-test

(NPK-NTB): Den skade- og sjukdomsplaga Marianne Andersen sprang inn til ein førsteplass i VM-uttakingsløpet i orientering i Fredrikstad.

Ho var fire sekund raskare enn svensken Helena Jansson, som blir rekna for å vere ein av dei beste orienteringsløparane i verda.

– Det var solid springing heile vegen. Eg er fornøgd med å gjennomføre eit solid løp. Det er morosamt å vere tilbake på topp, og det byrjar å komme seg, sa Andersen.

Silje Ekroll Jahren sprang inn til ein tredjeplass. På herresida vart Eskil Kinneberg nummer tre. Han var 16 sekund bak det svenske stjerneskotet Jerker Lysell.

– Eg gjorde det eg skulle og har absolutt ikkje noko imot å springe sprint i VM. Og desse 16 sekunda tar eg i Strömstad, sa Kinneberg.

O-VM går i Strømstad 20.– 27. august. (©NPK)

Annonse