Klargjør siden...

Matematikkpris til Trondheims-lærar

(NPK-NTB): Lærar Ingunn Valbekmo ved Byåsen skule i Trondheim er tildelt Holmboe-prisen for 2016.

Bernt Michael Holmboes minnepris er ei årleg utmerking for å fremme og påskjøne god undervisning i matematikk.

Måndag fekk Ingunn Valbekmo prisen for 2016 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

– Valbekmo er eit ypparleg eksempel på kva betyding engasjementet og kunnskapen til læraren har for læringa til elevane, seier Røe Isaksen.

Valbekmo får prisen for å ha gitt elevane sine ei meir grunnleggjande forståing av matematikkfaget, der undervisninga tar utgangspunkt i samarbeid mellom elevane – der ho legg vekt på at elevane hennar skal utvikle eigne løysingsstrategiar.

Valbekmo får også prisen for måten ho har spreidd denne undervisingsmetodikken på i lærarkollegiet.

Holmboe-prisen blir delt ut årleg ut av Norsk matematikkråd. Prisen er på 50.000 kroner, og skal delast mellom prisvinnaren og skulen som prisvinnaren kjem frå. (©NPK)

Annonse