Mattilsynet åtvarar: Ikkje bruk ukjend keramikk frå Middelhavsområdet til mat

Norske ferieturistar bør sjekke om keramikk er eigna til oppbevaring av mat og drikke før dei kjøper. Er produktet ueigna, kan det føre til alvorlege skadar.

Åtvaringa gjeld særleg keramikk frå Middelhavsområdet, ofte selt på lokale marknader eller små butikkar.

- Skal du kjøpe keramikk til bruk i kontakt med mat og drikke, tilrår vi å spørje om produkta er meinte for dette. Det bør givast ein garanti for at produkta ikkje gir frå seg bly, kadmium eller barium over grenseverdiane, seier fungerande direktør Marie Louise Wiborg i Mattilsynets avdeling mat til NTB.

Størsteparten av inntaket av bly kjem via maten fordi låge mengder finst naturleg i alle matvarer. Men også keramikk er ein stor bidragsytar.

- Vêr forsiktig med å bruke koppar, karaflar og muggar av ukjend keramikkvalitet til sure drikker som juice, vin og te tilsett sitron, tilrår Wiborg.

Hald deg til kjente produkt

I 2005 fastsette Mattilsynet lågare nasjonale grenseverdiar for bly, kadmium og barium fordi gjeldande grenseverdiar i EU var for høge til å sikre trygge produkt. Inntil EU-kommisjonens arbeid med eit nytt forslag er ferdig, blir forbrukarar oppmoda til å halde seg til produkt ein kjenner kvaliteten på.

- Har du allereie drukke juice eller andre sure drikker frå ukjente keramiske koppar og muggar frå Syden, treng du ikkje vere redd, men framover bør du nok la vere å gjere det, seier Wiborg.

Det er produsenten som har ansvar for at grenseverdiane blir overhaldne, og undersøkingar gjort av Mattilsynet viser at mange produkt produserte før 2005 er trygge å bruke. Er du likevel usikker, finst det private laboratorium som kan utføre kjemisk analyse.

Veterinærinstituttet dreiv eit slikt laboratorium tidlegare.

- For 20 år sidan fekk vi inn fleire koppar og kar til analyse. Men det dabba av dei siste ti åra vi dreiv laboratoriet, seier veterinær og toksikolog Aksel Bernhoft i Veterinærinstituttet.

Skadeleg for barn

Det er ikkje fastsett ei nedre grense for kor mykje bly vi toler, men Folkehelseinstituttet åtvarar spesielt gravide kvinner og barn opp til sju år om å vere forsiktige.

Hos vaksne kan bly føre til alvorlege helseskadar som auka blodtrykk, auka risiko for hjarte- og karsjukdommar og nyreskade. Hos barn kan det føre til redusert IQ og hemje nevrologisk utvikling som vil påverke både åtferd, motorikk og læringsevne.

- Inntrykket mitt er at dette problemet har vorte mindre enn det var, fordi produsentane har vorte meir oppmerksame, mellom anna i Spania. Dei bruker både høgare temperaturar ved brenning og ein glasur som ikkje frigir giftstoff, seier Aksel Bernhoft i Veterinærinstituttet.

Verken Mattilsynet eller Folkehelseinstituttet har oversikt over kor mange som har vorte sjuke av blyforgifting. Men Bernhoft i Veterinærinstituttet seier dette var meir vanleg tidlegare. I dag er ein meir oppmerksame overfor dei som blir jamleg eksponerte, spesielt folk som et mykje viltkjøtt som har vorte skote med blyammunisjon.

- Akutte symptom på blyforgifting kan vere hovudverk, svimmelheit og kvalme, seier han.

(©NPK)