Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Mattilsynet åtvarar mot spekepølser frå Rogers spekemat og viltkjøtt, då dei inneheld hestekjøt med ukjent opphav.
npk@npk.no
Publisert: 07.07.2016 kl 18:28
Spekepølsene er også produserte under ukjente hygieniske forhold, opplyser Mattilsynet, som ber folk kaste pølsene i søpla.
På etiketten går det fram at pølsene er produserte av Vest-Torpa Dagligvare eller hos Kistefos viltkjøtt.
Spekepølsene har vore selde direkte til forbrukar gjennom Facebook-sida «Rogers spekemat og viltkjøtt», ei side som no er sletta. Mattilsynet skriv at pølsene har vore selde frå bua til Stabburmat AS i Trondheim, Moelv og på Gran – og ein kan ikkje sjå bort frå at pølsene også har vore selde andre stader.
– Kast spekepølsene i søpla. Dei kan vere helseskadelege, blant anna fordi vi ikkje veit kva medisinar hestane har brukt, seier avdelingssjef i tilsynet, Bente Fauske.
Mattilsynet veit heller ikkje om kjøtet kjem frå friske dyr. Spekepølsa også seld under fleire namn, som Roger'n pølsa, Roger pølsa frå Torpa, Rogers viltpølse, Viltsalami og Ølpølse.
Tilsynet skriv også at det ikkje er dokumentert at hestekjøtet kjem frå dyr som er berekna til mat. (©NPK)