Annonse

Mattilsynet frårår nordmenn å gi kjæledyr i julegåve

- Dyr bør ikkje vere julegåve eller overrasking til barn, meiner Mattilsynet, som ber folk tenke seg om to gonger før dei går til innkjøp av kjæledyr i jula.

Annonse

Den store draumen til mange barn er å få ein hundekvelp, kattunge, eller kanskje ein kanin. Foreldre som gjerne vil oppfylle ønska til barna, endar ofte opp med å kjøpe akkurat det kjæledyret som barnet så inderleg ønsker seg.

Det er likevel lurt å tenke seg godt om før ein tek ei slik stor avgjerd, meiner Mattilsynet.

- Dei fleste som skaffar seg eit kjæledyr, vil i utgangspunktet gi dyret eit godt liv. Likevel endar mange kjæledyr opp i små bur, der dei blir lite stimulerte og har lita moglegheit for naturleg åtferd. Dette er eit stort og alvorleg dyrevelferdsproblem, seier seniorrådgivar og veterinær Maria Været Veggeland i seksjon dyrevelferd i Mattilsynet.

Mattilsynet minner om at barn under 16 år ikkje kan ha eit sjølvstendig ansvar for dyr, ifølgje dyrevelferdslova. Det brennande ønsket til barna kan fort erstattast av at dei mistar interessa, og dei vaksne endar derfor ofte opp med alt ansvaret.

I tillegg minner Mattilsynet om utgiftene som følgjer med eit slikt kjøp, både fôr, veterinærtimar og andre utgifter. Dessutan kan ofte ferieturar bli ei kjelde til utfordringar, og det er lurt å forsikre seg om at ein har vaksne menneske i nærleiken som er villige til å passe dyret.

(©NPK)

Ikkje gi kjæledyr som julegåve, åtvarar Mattilsynet. llustrasjonsfoto: Kyrre Lien / NTB scanpix