Annonse

Mattilsynet politimelder fleire tilfelle av vanskjøtsel

Hittil i år er 31 dyreeigarar melde til politiet av Mattilsynet. Det er ein stor auke frå 2017 då det totale talet politimeldingar stoppa på 25.

Det kjem fram i Mattilsynets dyrevelferdsrapport for dei åtte første månadane i år. Totalt har Mattilsynet kontrollert 5.617 dyrehald, og 31 av eigarane er meldt til politiet til politiet. Hittil i år har 56 personar fått forbod mot å eige eller drive med dyr mot 30 i heile 2017.

- Det er først og fremst eigarar som vanskjøttar kjæledyra sine som blir politimelde og som får forbod mot å ha dyr, seier Torunn Knævelsrud, leiar for seksjon dyrevelferd i Mattilsynet.

Mattilsynet har registrert alvorleg vanskjøtsel ved 44 av dei kontrollerte dyrehalda, noko som svarar til 0,7 prosent. Alvorleg vanskjøtsel betyr at eitt eller fleire dyr er døde eller må avlivast. I same periode i fjor var talet 30 dyrehald.

- Funna viser ikkje totalbildet av korleis dyr i Noreg har det, sidan vi prioriterer risikodyrehald. Tala i rapporten omfattar både små og store regelbrot, og eit regelbrot betyr ikkje alltid at dyra lir, seier Knævelsrud.

(©NPK)