Mattilsynet trekkjer asiatisk frosenfisk etter salmonellafunn

Folk som har kjøpt den vietnamesiske frosenfisken Aisian Pearl, blir bedne om å destruere eller levere tilbake til butikken for å unngå salmonellasmitte.

Det er frosenfisken «Asian Pearl, Snakeskin Gourami», ofte brukt i fiskesuppe, som Mattilsynet no trekker frå marknaden grunna salmonellafunn, melder Nationen.

Fisken kjem frå Vietnam og blir omsett i pakkane til 900 gram av selskapet Sletten Noreg AS.

– Dette vart oppdaga under ei rutineprøve, og Mattilsynet vart informert om funnet. Vi har omsetningsforbod på desse varene, seier Bala Venkatasmy i Sletten Noreg til Nationen.

Salmonellaviruset skal ha vorte funne i ein 20 kilos sending med fisk som har vorte selt i to sjølvstendige matbutikkar i Oslo og Molde.

Importøren ber folk destruere eller levere tilbake produktet dersom dei har kjøpt det.

(©NPK)

Sletten Norge AS trekker tilbake produktet «Asian Pearl, Snakeskin Gourami»
Foto: Sletten Norge AS / NTB