May: Brexit-utkastet betre enn den norske modellen

Statsminister Theresa May seier utkastet til brexit-avtale er betre enn den norske modellen.

May presenterte torsdag utkastet i Underhuset. Ho meiner regjeringa med det har oppnådd noko mange meinte ikkje kunne bli gjort.

- Vi vart fortalt at vi hadde eit val mellom to ting - Noreg-modellen og Canada-modellen, og at vi ikkje kunne få ein skreddarsydd avtale. Men skissa til politisk fråsegn inneber ei ordning som er betre for landet vårt enn begge desse. Ein meir ambisiøs frihandelsavtale enn EU har med noko anna land, sa May.

(©NPK)