Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Den 28 år gamle mannlege MC-føraren som vart funnen omkommen ved Lysebotnvegen i Sirdal i Vest-Agder, døydde truleg momentant etter eit lengre fall.
npk@npk.no
Publisert: 18.08.2016 kl 07:31
Sist oppdatert: 18.08.2016 kl 13:43
Fallet kan ha vore på om lag 15 høgdemeter, skriv Stavanger Aftenblad.
Ifølgje politiet skjedde fallet etter at motorsykkelen køyrde av vegbana på høgre side i ein venstresving med lågt autovern.
– Køyretøyet har antakelegvis hatt for høg fart til å klare svingen. Dessverre er autovernet på denne staden deformert av snø, og det er eit djupt juv på utsida av vegen, seier politiførstebetjent Jon Uleberg ved Sirdal lensmannskontor.
Politiet fekk melding om ulykka frå ein utanlandsk turist klokka 20.16 onsdag kveld, men opplyser at dei ikkje veit når ulykka har skjedd. Uleberg reknar med at fleire køyretøy har passert forbi ulykkesstaden utan å ha sett den omkomne.
– Motorsykkelen låg 50– 60 meter unna og personen var ikkje mogleg å sjå frå vegen, forklarer Ulestad.
28-åringen var busett i Sola, og vil bli obdusert, ifølgje politiet.
Sirdal lensmannskontor etterforskar ulykka vidare. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.