Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Vedtaket til rovviltnemndene om å felle 47 ulvar kan ikkje bli gjennomført utan at ein rådfører seg med svenske styresmakter, meiner Miljøpartiet Dei Grøne.
npk@npk.no
Publisert: 22.09.2016 kl 12:37
– Vi krev at Erna Solberg kontaktar den svenske statsministeren Stefan Löfven. Det står i rovviltforliket at det skal bli inngått avtale med Sverige om ulveforvaltninga, seier stortingsrepresentant Rasmus Hansson til NTB.
– Det vi no gjer er å overlate ansvaret for å forvalte og ta vare på den skandinaviske ulven til Sverige. Det er internasjonal ansvarsfråskriving sett i system, seier Hansson.
Dei regionale rovviltnemndene vedtok tidlegare denne månaden at 47 ulvar skal bli felt i år og neste år, 24 av dei innanfor ulvesonen. Årsaka er at Stortingets vedtatte bestandsmål på fire til seks årlege ynglingar, er nådd med god margin. (©NPK)