MDGs Venstre-flørt blir diskutert bak lukka dører

Om Raudt eller Venstre skal vere støtteparti var blant dei første temaa Ap, MDG og SV tok tak i då dei starta forhandlingane om ny byrådsplattform i Oslo.

- Det er veldig naturleg å snakke saman om det, absolutt, sa byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) då han møtte dei andre partia til forhandlingar fredag.

- Vi har samarbeidd veldig godt med Raudt i dei åra som har vore. Så er det spennande, det som skjer med Venstre. Kommentarar ut over det har eg ikkje, utdjupa Johansen, på veg inn til det vesle forhandlingsrommet.

SV ser til Raudt

Både MDGs Lan Marie Berg og SV-ordførar Marianne Borgen stadfesta at diskusjonen om støtteparti skulle på agendaen fredag.

- Vi har i utgangspunktet tenkt å sjå om vi kan gjere det vi gjorde sist, å få ein avtale med Raudt, men det er noko av det vi skal diskutere i dag, sa Borgen, då dei raudgrøne benka seg rundt møtebordet i den fleire hundre år gamle Mangelsgården aust i sentrum.

- Det er eit område av Oslo som viser mykje av utfordringane vi har. Vi held på å legge nye skjener i Storgata. Området har ein del av dei største sosiale utfordringane vi har i byen. Eit raudgrønt byråd er opptatt av begge delar, sa Johansen.

Eigedomsskatt

Dersom dei tre partia vel å støtte seg på Venstre, vil dei bli møtte med krav om mellom anna freding av fritt skuleval, at private skal få sleppe til i dei kommunale tenestene, og dessutan lågare eigedomsskatt.

- Eit kommunebudsjett har sine grenser. Eigedomsskatten er ei viktig inntekt for å få realisert veldig mange av ønska vi har, understreka Johansen på veg inn.

Det første forhandlingsmøtet går med til å bli samde om i kva for ei rekkefølgje ein skal forhandle om ulike tema. Partia skal òg setje ned grupper for å jobbe med dei ulike sakene.

Usemjer

Det var god tone og mykje latter då forhandlingane opna, men det vart truleg meir alvor så snart journalistane hadde forlate rommet. Det er mykje dei er usamde om, sjølv om dei har fire års samarbeid bak seg.

Eit svekt Ap møter eit MDG og SV som har styrkt posisjonen sin i valet, og som vil ha sterkare gjennomslag i politikken. SV ønsker mellom anna å auke inntektene frå eigedomsskatten, medan Ap vil halde på ordninga som i dag. Ap vil heller ikkje auke bompengane, noko MDG ivrar etter.

Ifølgje Dagsavisen vil billettprisane på buss, trikk og bane bli eit tema. MDG vil redusere prisane med 20 prosent, medan SV ønsker hyppigare avgangar. Begge delar vil koste mykje, samtidig som det er planlagt fleire satsingar på kollektivtrafikk dei neste åra, påpeikar avisa.

Det er òg venta diskusjonar om fordelinga av postar. MDG har vist interesse for postane finans-, næring- og kulturbyråd.

Den absolutte fristen for å bli samde er 23. oktober, når bystyret skal konstituerast.

(©NPK)

Byrådsforhandlingane mellom Oslo Ap, Oslo MDG og Oslo SV starta fredag. Frå venstre: Frode Jacobsen (Ap), Inga Marte Thorkildsen (SV), Sunniva Holmås Eidsvoll (SV), Omar Samy Gamal (SV), Lan Marie Berg (MDG), Raymond Johansen (Ap), Einar Wilhelmsen (MDG) og Hanna E. Marcussen (MDG). Foto: Berit Roald / NTB scanpix