Annonse

Medan krigen herjar i aust, prøver ukrainarane i nord å ta livet tilbake

I utkanten av ein ukrainsk landsby står restane av ein liten skule som vart hardt ramma då russarane angreip landet. Innbyggjarane grøssar av synet av bygget.

Omgitt av høge furutre gir dei knuste vindauga til skulen eit glimt av forlatne klasserom som ikkje kjem til å ta imot lystige og lærevillige elevar med det første. Skulen er berre ein av mange bygningar i landsbyen Yahidne, 14 mil nordaust for Kyiv, som har vorte herja av krigen.

Nokre månader seinare er derimot denne landsbyen og andre i området på veg tilbake til det vanlege livet etter at russarane trekte seg ut av den nordlege Tsjernihiv-regionen. No blir ikkje lufta fylt av lyden av bomber og skot, men av byggjeverktøy i sving.

Medan krigen held fram for fullt i Aust-Ukraina, kjem frivillige frå heile Ukraina for å hjelpe til med å gi lokalbefolkninga bustader før den iskalde vinteren kjem. Blant dei ein tekstforfattar og ein kameramann.

Skrekkskulen

Denys Ovcharenko (31) og Denys Huschyk (43) kom frå hovudstaden Kyiv. I fleire dagar har dei reparert taket på bustadblokka framfor skulen under steikjande sol. Namnebrørne er med i den frivillige byggjeorganisasjonen Dobrobat, som på norsk betyr vennlegheitsbataljonen.

– Medan gutane vernar oss, jobbar vi her, seier Huschyk og peikar austover mot fronten.

Saman med 22 andre frivillige hjelper dei landsbybebuarane med å ta livet tilbake. Ingen i landsbyen planlegg enno å byggje opp att skulen, som vart brukt som base av russarane under okkupasjonen. Folk held seg unna bygget, og helst føretrekkjer innbyggjarane å ikkje nemne staden i det heile.

Under okkupasjonen skal russiske soldatar ha tvinga dei fleste av Yahidnes innbyggjarar – nesten 400 menneske – ned i skulekjellaren og halde dei fanga der i ein månad. Der vart dei vart haldne døgnet rundt som menneskelege skjold i vern mot angrep frå den ukrainske hæren.

Berre av og til lét russarane fangane gå ut i skulegarden. Etter kvart vart nøda så stor at folk byrja å døy. Ti menneske døydde i den mørke, overfylte kjellaren. Overlevande skuldar på mangelen på frisk luft.

Dei fleste ufaglærte

Russarane forlét landsbyen i slutten av mars. Dobrobat seier dei planlegg å reparere taka på 21 hus dei kommande vekene. Dei frivillige inkluderer lærarar, idrettsutøvarar og programmerarar, og 80 prosent av dei har inga erfaring innan byggjebransjen.

Yahidne er berre ein av mange landsbyar i Nord-Ukraina som leid under Russlands invasjon. Og Dobrobat er berre ein av mange frivillige organisasjonar som bidreg. Fleire av dei frivillige kjem også frå andre land.

Far og son Michal og Daniel Kahle (21) frå Tsjekkia bestemde seg for å leggje den årlege familieturen sin til Ukraina i år. Dei ser kvarandre berre nokre få veker i året sidan Daniel studerer i USA.

– Vi ønskte å gjere noko meiningsfylt i staden for å berre vere turistar, seier 21-åringen.

Det var slik dei kom til byen Makariv i Kyiv-regionen, om lag fem mil frå hovudstaden. Her vart nærast halvparten av alle bygningane øydelagde eller skadde i dei første vekene av krigen.

– Kan ikkje setje liva på pause

Kahle-familien vart med i den frivillige ungdomsrørsla Building Ukraine Together, som sidan 2014 har bidrege til å restaurere øydelagde bygningar i det austlege Ukraina. I fleire dagar jobba dei saman med unge menneske frå ulike delar av Ukraina for å byggje opp att brannstasjonen i Makariv, som vart treft av ein artillerigranat 12. mars.

– Dette blir ein langvarig kamp. Vi kan ikkje setje liva våre på pause, sitje heime og vente på at krigen skal ta slutt, seier Tetyana Symkovych, frivilligkoordinator i byen.

Mange ukrainarar seier dei melder seg frivillig fordi dei brenn etter å hjelpe landsmennene sine. Blant dei er Yulia Kapustienko, som kjem til brannstasjonen kvar morgon for å sparkle veggene. Det er av ein heilt spesiell grunn. I slutten av april forlét den unge kvinna Mariupol etter å ha vore to månader i den omleira hamnebyen.

Gret i tre år

– Eg såg døde kroppar og brente hus. Når eg ser eit hus, klarer eg ikkje å la vere å tenkje på kva som vil skje med det viss ein rakett treffer. Eg klarer ikkje å slette dette frå tankane mine, men eg prøver å ikkje bli sitjande fast i fortida. Det er viktig for meg å gjere noko, å ta ansvar, seier ho.

23-åringen er opphavleg frå Horlivka i den austlege Donetsk-regionen. Hennar første erfaring med okkupasjon var i 2014, då Horlivka vart overteke av prorussiske styrkar. Yulia seier ho gret i tre år etter tapet av heimbyen, og at ho kjende seg lamma og ute av stand til å hjelpe. Åtte år seinare er historia ein annan.

– Eg veit no at du må bidra med noko. Eg bryr meg ikkje om kva eg gjer, så lenge det er for Ukraina, fortel 23-åringen.

(©NPK)

Konserthallen i Yahidne blei fullstendig øydelagt etter at russarane invaderte Ukraina. Nokre månader etter at russiske troppar trekte seg tilbake, har landsbyen gradvis komme tilbake til normalen. Men av og til virvlar sterk vind opp den bitre lukten av åske. Foto: Nariman El-Mofty / AP / NTB

Blomster veks utanfor den øydelagte skulen kor dei fleste av Yahidnes innbyggarar tilbrakte ein månad i kjellaren under russisk fangenskap. Foto: Nariman El-Mofty / AP / NTB

Frivillige hjelper landsbybebuarane med å reparere heimane sine i Yahidne etter at dei blei hardt skadde av russisk bombardement under krigens første veker. Dei fleste som hjelper til, har ingen erfaring innanfor byggjebransjen. Foto: Nariman El-Mofty / AP / NTB

Ein mann i gang med å gjenoppbygge heimen sin i landsbyen Yahidne, nordaust i Ukraina. Foto: Nariman El-Mofty / AP / NTB

Bildet viser skrift og teikningar laga av born og vaksne i kjellaren på skulen i Yahidne. I nesten ein månad blei landsbybebuarane haldne i russisk fangenskap der, og minst ti menneske døydde nede i kjellaren, ifølgje dei som overlevde. Foto: Nariman El-Mofty / AP / NTB