Strømsgodset sparkar trenar Henrik Pedersen

Strømsgodset avsluttar samarbeidet med den rasismeklaga trenaren Henrik Pedersen.

Avgjerda om å kvitte seg med Pedersen er teken etter hektiske dagar med møteverksemd som følgje av rasismeskuldingane mot trenaren.

Drammensklubben seier på Facebook-sida si at Pedersen er ferdig i klubben. Nettavisen var først til å omtale at dansken er ferdig i Godset.

«Strømsgodset Toppfotball og trener Henrik Pedersen har i dag blitt enige om å avslutte arbeidsforholdet. Partane har et felles ønske om å skape ro rundt klubben», skriv klubben.

Pedersen er framleis usamd i skuldingane mot han.

– Dette var ikkje ein exit eg ønskte. Eg er sterkt usamd og kritisk til både skuldingane som er framførte, og til sjølve prosessen som er gjennomført. Det kjennest trist og meiningslaust å forlate Strømsgodset og «drengene» på denne måten, seier 43-åringen.

Det har storma rundt Strømsgodset og Pedersen sidan Discovery før påskehelga gav offentlegheita innblikk i skuldingane om uønskt åtferd frå trenaren.

Måndag kveld bestemde Godset-styret seg for å behalde 43-åringen i hovudtrenarjobben etter ei intern evaluering. Men dramatikken var ikkje over med det.

Styret i klubben måtte halde fleire møte etter at det vart kjent at sju Godset-spelarar har varsla spelarorganisasjonen NISO om påstått rasisme frå Pedersen.

Det er ikkje offentleg kjent kva dei konkrete episodane går ut på, eller kva personar i drammensklubben som skal vere utsett for ytringane frå trenaren. Pedersen har sjølv tilbakevist skuldingane om rasisme.

(©NPK)

Tida som trenar i Strømsgodset er over for Henrik Pedersen. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB