Medietilsynet: – EUs digitale lover må sikre sjølvstendet til media

Eit lovforslag om digitale tenester og digitale marknader frå EU gjer at Medietilsynet har teke til orde for at regelverket ikkje må svekkje ytringsfridommen.

– Regulering av innhald er svært ulik frå regulering av varer og tenester, og ytringsfridommen og pressefridommen må tilleggjast stor vekt, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet i ei pressemelding.

EUs lovforslag om digitale tenester og digitale marknader har som mål å viske ut juridiske skilje mellom varer, tenester og innhald som blir tilbode online og offline, styrke den digitale konkurransen og auke tryggleiken til brukarane på nett.

Lovforslaget har samtidig ein ambisjon om å gjere avstanden mellom mediebrukarar og aktørane bak sosiale medium-tenester mindre. Mellom anna skal nasjonale styresmakter kunne krevje at ulovleg innhald blir fjerna raskare.

– Lova bør gjere tydeleg at redaksjonelt innhald ikkje skal kunne fjernast, verken av aktørar som står bak sosiale medium eller av nasjonale styresmakter, seier Velsand.

Medietilsynet er òg opptekne av at statlege inngrep i ytringsfridommen skal avgrensast til ulovleg innhald, med heimel i nasjonal lovgiving.

– Desinformasjon og hatefulle ytringar kan vere svært skadeleg sjølv når dei er innanfor lova, men risikoen i å gi for store fullmakter til å fjerne innhald, er etter vår vurdering for store. Omsynet til ytringsfridommen må vege tyngst, seier Velsand.

(©NPK)

Eit lovforslag om digitale tenester og digitale marknader frå EU gjer at direktør Mari Velsand i Medietilsynet har teke til orde for at regelverket ikkje må svekkje ytringsfridomen.
Arkivfoto: Terje Pedersen / NTB