Annonse

Medium: Islandsk fiskegigant brukte DNB til å sluse pengar via skatteparadis

Selskapet Samherji skal gjennom DNB ha overført 640 millionar kroner til eit skatteparadis, ifølgje islandske medium. DNB seier banken stengde kontoane i 2018.

Avsløringa vart kjend i islandske medium tysdag kveld, skriv Fiskeribladet, som først skreiv om saka i Noreg.

Nokre av overføringane vart brukte til å bestikke tenestemenn i Namibia, ifølgje nettavisa Stundin, som har samarbeidd med TV-dokumentarprogrammet Kveikur og den arabiske fjernsynskanalen Al Jazeera om saka. Dei har fått dokument frå WikiLeaks som viser Samherjis bestikkingar og kvitvasking av pengar gjennom skatteparadis og Kypros.

Samherji, som er det største fiskeindustriselskapet på Island, skal ha brukt DNB til å overføre inntekter frå fiske i Afrika, ifølgje dokumenta. Selskapet fiskar mellom anna hestemakrell utanfor Namibia, og delar av inntektene skal ha vorte brukte til å bestikke namibiske tenestemenn for å sikre seg kvotar, ifølgje dei islandske media.

70 millionar dollar

Mellom anna er meir enn 70 millionar dollar overførte via skalselskapet Cape Cod FS på Marshalløyane frå 2011 til 2018 gjennom bankkontoar i DNB.

I 2018 stengde likevel DNB kontoane til skalselskapet etter at den amerikanske banken Bank of New York Mellon nekta å gjennomføre ein transaksjon frå selskapet. Dette resulterte i ei gransking av skalselskapet.

Overfor NTB understrekar DNB at kontoane til skalselskapet vart avslutta i fjor.

- Vi vart kjende med det islandske TV-programmet i går og undersøkjer sjølvsagt påstandane. DNB tek arbeidet mot korrupsjon og kvitvasking på stort alvor og har dei siste åra styrkt innsatsen vår mot økonomisk kriminalitet kraftig, seier informasjonsdirektør Even Westerveld.

Han ønskjer likevel ikkje å kommentere detaljane i saka.

- Det er politiet som har ansvaret for å etterforske og eventuelt avdekkje om betalingar gjennom banksystema medfører brot på lova. DNB kan dessverre ikkje gå ut med detaljerte opplysningar om enkeltselskap, seier han.

Skuldar på tilsett

I ei pressemelding måndag hevdar Samherji at ein tidlegare tilsett åleine har stått bak bestikkingane.

- Vi er svært skuffa over å få vite at Jóhannes Stefánsson, ein tidlegare dagleg leiar for operasjonane våre i Namibia, tilsynelatande har vore involvert i tvilsam forretningspraksis og kanskje har vikla Samherji inn i ulovlege aktivitetar, seier direktør Thorsteinn Már Baldvinsson, som viser til at Stefánsson fekk sparken i 2016 på grunn av vanstyring og uakseptabel åtferd.

- Han har vedgått å ha vore involvert i ulovlege aktivitetar medan han leidde underselskapa våre i Namibia, skriv Samherji i pressemeldinga.

Gav grønt lys

Stefánsson stod sjølv fram i TV-dokumentaren tysdag og fortalde om korleis selskapet opererte. Ifølgje han var det Baldvinsson som gav grønt lys for bestikkingane.

- Ikkje noko vart utbetalt utan hans godkjenning, hevdar Stefánsson, som no arbeider for antikorrupsjonsmakta i Namibia.

Ei rekke politikarar og tenestemenn i Namibia skal ha fått store pengesummar, mellom dei både justisministeren og fiskeriministeren og dessutan svigersonen til sistnemnde, ifølgje dokumentasjonen frå WikiLeaks.

Begge ministrane gjekk onsdag av, skriv avisa The Namibian på Twitter. I ein uttale til avisa avviser den tidlegare fiskeriministeren i Namibia, Bernhard Esau, korrupsjonsskuldingane. Esau seier skuldingane er ein del av ein mediekampanje mot han og partiet hans, Swapo.

Hyrar norske advokatar

Samherji har no hyra det norske advokatfirmaet Wikborg Rein til å granske saka.

- Ikkje noko skal utelatast, og vi vil kunngjere resultata av granskinga så fort dei er tilgjengelege, lovar selskapet.

I WikiLeaks-notatet står det at norske styresmakter er involverte i saka. Økokrim stadfestar overfor Dagens Næringsliv at dei er kjende med saka.

- Økokrim er kjend med saka, men når og korleis vi vart merksame på henne, kan eg ikkje seie noko om, seier jourhavande jurist Trude Stanghelle i Økokrim.

(©NPK)

DNB opplyser at kontoane til skalselskapet vart avslutta i fjor og undersøkjer påstandane som har komme fram. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix