Annonse

Medium: – Ken Starr skal forsvare Trump

Ken Starr, den tidlegare spesialetterforskaren som granska Bill Clinton, blir ein av Trumps forsvararar i riksrettssaka, ifølgje amerikanske medium.

Nyheitsbyrået AP og andre medium viser til ikkje namngitte kjelder som seier at Starr blir del av Trumps forsvararteam.

Kjendisadvokat og Harvard-professor Alan Dershowitz skal òg vere med i gruppa av juristar. Dershowitz stadfestar sjølv at han skal presentere argument basert på USAs grunnlov som taler mot å fjerne Trump som president.

Tidlegare har Dershowitz vore forsvarar for mellom anna overgrepsdømte Jeffrey Epstein, drapstiltalte O.J. Simpson og boksaren Mike Tyson.

Pat Cipollone, juridisk rådgivar i Det kvite hus, blir venta å få ei leiande rolle i forsvararteamet. Det får truleg òg Trumps personlege advokat Jay Sekulow.

Ken Starr leidde den såkalla Whitewater-etterforskinga på 1990-talet. Saka vart etter kvart utvida til å omfatte president Bill Clintons forhold til Monica Lewinsky, ein skandale som førte til at Clinton vart stilt for riksrett for mened – og deretter frikjend.

(©NPK)

Tidlegare spesialetterforskar Ken Starr på eit bilete frå 2014. Starr er i dag rektor ved Baylor University i byen Waco i Texas. Foto: Lauren Victoria Burke / AP / NTB scanpix