Medium: Tysklands finansminister vil bli SPD-leiar

Tysklands finansminister Olaf Scholz har tilbode seg å stille som kandidat til å leie dei tyske sosialdemokratane SPD, ifølgje tyske medium.

Scholz, som også er visestatsminister i koalisjonsregjeringa med kristendemokratane CDU, blir i så fall den første tungvektaren som kastar seg inn i leiarkampen.

Så langt har eit tital relativt ukjente politikarar fremma kandidaturet sitt til å leie eit SPD i motbakke etter at Andrea Nahles kasta inn handkleet i juni.

Partikjelder seier til nyheitsbyrået DPA at Scholz kunngjorde avgjerda i ein telefonsamtale med SPDs fungerande leiartrio.

- Eg er førebudd på kjempe om vervet viss de vil at eg skal gjere det, sa 61 år gamle Scholz ifølgje Der Spiegel, som var først ute med nyheita fredag.

Sosialdemokratane har lide ei rekke skuffande valnederlag, og fleire i partiet tar til orde for å bryte ut av koalisjonen med statsminister Angela Merkel.

SPDs kurs vil avhenge sterkt av kven som endar opp med å vinne partileiarkampen, som blir venta å bli avgjort seinare i år gjennom ei rekke partimøte.

SPD fekk berre 20,5 prosent oppslutning i valet i 2017 etter å ha vore det minste partiet i storkoalisjonen til Merkel i fleire regjeringsperiodar sidan 2005.

(©NPK)

Tysklands statsminister Angela Merkel saman med visestatsminister Olaf Scholz, som er klar til å kaste seg inn i leiarkampen i SPD. Arkivfoto: Michael Sohn / NTB scanpix