Annonse

Mehl etter migrasjonsmøte: – Må vere opne for å bruke strengare verkemiddel

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) støttar EU-landa som vil bruke visumreglar som pressmiddel overfor tredjeland som nektar å samarbeide om returar.

Annonse

Mehl har denne veka vore i Stockholm saman med EUs justisministrar for å diskutere den store auken i talet på migrantar som kryssar grensa til Europa.

EU-landa ber no EU-kommisjonen om å vurdere å stramme inn visumpolitikken.

Vil stramme inn

Heilt konkret viser dei til ei føresegn i visumreglane som seier at visumrestriksjonar kan brukast som pressmiddel overfor tredjeland som ikkje vil samarbeide om returar.

Det støttar Mehl.

– Det er viktig å ha ein konstruktiv samtale med tredjeland vi vil ha returavtalar med og at vi viser forståing for utfordringane dei har, men vi må også vere opne for å bruke strengare verkemiddel viss den typen dialog ikkje fører fram, seier Mehl.

Avviser mottakssenter

Ei rekkje EU-land har den siste tida teke til orde for kraftige innstrammingar i EUs grensepolitikk.

Medan Austerrike har bede EU finansiere eit grensegjerde mellom Tyrkia og Bulgaria, har Nederland ønskt ei strengare praktisering av Dublin-reglane.

Danmark har blåse liv i forslaget om mottakssenter utanfor Europa.

Det får ei lunken mottaking av Mehl.

– Vi har avvist ein mottaksmodell som den Danmark og Storbritannia har signalisert. Men det er førebels uklart kva som ligg i desse signala, seier ho.

– Noreg er pådrivar

Mehl viser til at den soleklart største andelen flyktningar som kjem til Noreg, er ukrainarar. Noreg har også avgrensa utfordringar med retur, understrekar ho.

– Men ser du på tala for Schengen totalt, er det ein relativt stor del personar frå andre land enn Ukraina som det er behov for å få ein meir effektiv retur av.

– Noreg er ein pådrivar for at andre land skal ha dette høgt på dagsordenen. Ein effektiv returpolitikk er viktig for oss òg, seier ho.

Anstrengd situasjon

I ei fråsegn frå justisministermøtet torsdag blir migrantsituasjonen i Europa skildra som «anstrengt» og dagens returdel som «uakseptabel».

EU-landa ber om fortgang i EU-kommisjonens arbeid med ein lovpakke på migrasjons- og asylpolitikk, og vil også styrkje samarbeidet med grensebyrået Frontex.

I tillegg tek EU-landa til orde for å bruke både «positive og restriktive insentiv» overfor tredjeland knytt til visumpolitikk, bistandspolitikk, handelspolitikk og diplomatiske relasjonar.

(©NPK)

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) støttar EU-landa som vil bruke visumrestriksjonar som pressmiddel overfor tredjeland som nektar å samarbeide om returar.
Foto: Javad Parsa / NTB / NPK