Annonse

Meir enn 750 klagar til NRK etter MGP-rot

Det er komme inn over 750 klager til Kringkastingsrådet i kjølvatnet av at ein jury på 30 personar stemte fram dei fire MGP-finalistane, utan å ha sett showet.

Det stadfestar sekretæren i kringkastingsrådet, Erik Skarrud, overfor Medier24 søndag kveld.

– Eg klarer ikkje å gi noko eksakt tal før eg har sortert skikkeleg, men per no kan det sjå ut som det er cirka 750 klager. Det med eit atterhald om at dette er veldig grovteljing, seier han.

Fleire av klagarane krev ny avstemming etter at dei fire semifinalistane vart plukka ut av ein folkejury på 30 personar. Dei hadde berre høyrt låtane på førehand og ikkje faktisk sett sceneshowet laurdag kveld, då stemmesystemet kollapsa i ein periode.

Klagene på at teknikken svikta og måten det vart handtert på, er det Kringkastingsrådet som skal handtere.

Favoritten Ulrikke Brandstorp vann Melodi Grand Prix med popballaden «Attention».

Prosjektleiar Stig Karlsen i Melodi Grand Prix møtte pressa dagen etter finalen og sa at det er heilt uaktuelt med ny røysting etter stemmekrøllet.

(©NPK)

Stig Karlsen, prosjektleiar for MGP, møtte pressa dagen etter finalen og sa at det er heilt uaktuelt med ny avstemming etter stemmekrøllet. Foto: Tore Meek / NTB scanpix