Meir tørke i Europa rammar jordbruk og natur hardt

Tørkeperiodar som strekker seg over fleire år, lik den som ramma Sentral-Europa frå 2018 til 2019, kan komme hyppigare som følgje av klimautslepp.

Ekstremvarmen og tørken som ramma meir enn halve Sentral-Europa i 2018 og 2019 var eineståande, viser ein ny studie utført av tyske og tsjekkiske forskarar og publisert i tidsskriftet Nature Journal Scientific Report.

Forskarane har gjennomgått innsamla data som strekker seg tilbake til 1766.

– Observasjonane indikerer at tørken som ramma Europa frå 2018 til 2019, var eksepsjonell for dei siste 250 åra, skriv forskarane, og legg til at den har hatt alvorlege konsekvensar for natur, plantar og jordbruk.

Meir fleirårig tørke

Studien understrekar at ein tørkeperiode som strekker seg over fleire år, er meir skadeleg for plantar enn årleg tørke, fordi områda ikkje får høve til å hente seg inn igjen.

Dei siste to åra har rundt ein femdel av dei sentraleuropeiske områda meldt om dårleg plantehelse, samanlikna med andre år, seier ein av forfattarane bak studien, Rohini Kumar, ved tyske UFZ-Helmholtz Centre for Environmental Research.

– Det er presserande at vi forstår viktigheita av desse hendingane som strekker seg over fleire år, og at vi utviklar eit heilskapleg rammeverk for å modellere risiko, understrekar han.

Knyter tørke til klimagassutslepp

Studien bereknar kva konsekvensar vidare klimagassutslepp vil ha for landa i Europa.

Den konkluderer med at sjølv moderate utslepp vil føre til tre gonger så mykje tørke i endå større område i andre del av noverande hundreår.

Viss utsleppa stig i same takt som dei har gjort til no, vil tørke bli endå hyppigare enn dette og ramme nær dobbelt så mykje jordbruksareal som i dag.

Kumar seier at desse modellane antydar at ein nedgang i utslepp vil redusere risikoen for tørke.

– Funna indikerer at ei innføring av tiltak for å redusere klimagassutslepp vil minske moglegheita for at tørkeperiodar over fleire år vil hende oftare i Europa. På den eine sida må vi styrkje arbeidet vårt for å redusere utsleppa, og på den andre må vi utarbeide strategiar for å tilpasse oss endringane, seier han til The Guardian.

Store utsleppskutt for å nå Paris-måla

I Parisavtalen frå 2015 forplikta landa i verda seg til at den globale gjennomsnittstemperaturen ikkje skal overskride 1,5 grader, samanlikna med tida før den industrielle revolusjonen.

Temperaturen har allereie stige med 1 grad, og skal målet nåast, må dei globale klimagassutsleppa årleg falle med 7,6 prosent gjennom dette tiåret, ifølgje FN.

Men sjølv med auken til 1 grad, blir jorda oftare ramma av tørke, massive skogbrannar, store stormar, stigande havnivå og ekstreme temperaturar.

Den globale oppvarminga vil halde fram dei neste fem åra, spesielt i Arktis, og risikoen aukar for at 1,5-gradersmålet ryk innan 2025, ifølgje FN-organisasjonen Verdens meteorologiorganisasjon (WMO).

Det er 20 prosent sannsyn for at den globale gjennomsnittstemperaturen i eitt av dei neste fem åra vil vere 1,5 grader over førindustriell tid, ifølgje prognosane.

(©NPK)

Solen stig bak ei løvetann i Ochsenwang i Tyskland 30. juli. Høye temperaturar og meir tørke vil bli vanlegare viser ei ny studie i Nature Journal Scientific Report. Foto: Sebastian Gollnow / DPA via AP / NTB scanpix