Meir ulv rundt Oslo

Bestanden av ulv rundt Oslo aukar, og revira ligg innanfor ulvesona. Dermed kan ulven bli eit vanlegare syn i skogane rundt hovudstaden.

Senterpartiets Sandra Borch trur oslofolk snart kan komme til å kjenne på frykta folk har opplevd andre stader i landet, skriv Dagsavisen.

- Eg trur det er ei reell frykt oslofolk no må rekne med å oppleve. Det blir større sjanse for å treffe på ulv på tur både på sommaren og vinteren, seier Borch.

- Det kan bli spennande å vere skiløpar med hund på tur i Oslomarka i åra som kjem.

Borch og Senterpartiet har komme med kraftig kritikk etter at regjeringa bestemte seg for å ikkje gi løyve til å skyte to flokkar i ulvesona, mot oppmodinga til rovviltnemndene.

- Vi i Senterpartiet meiner at ulvesonene nærast har vorte ulvereservat. Det var aldri det som var meininga då vedtaket vart gjort, seier Borch.

(©NPK)

Revira rundt Oslo er innanfor ulvesona, som Borch meiner er blitt ulvereservat. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix