Annonse

Melby om EØS-krav i LO: – Bakstreversk

Venstre-leiar Guri Melby går hardt i rette med LO, som på kongressen sin går inn for å greie ut alternativ til EØS-avtalen.

Annonse

Det bryggjer opp til ny EØS-kamp i LO, som neste veke er samla til kongress i Folkets Hus på Youngstorget i Oslo.

Der skal det både veljast ny LO-leiar og nytt handlingsprogram fram til 2025.

Utfordrar EØS-avtalen

Som på førre kongress i 2017 er det komme inn fleire forslag om å seie opp EØS-avtalen, mellom anna frå LO Rogaland.

El og ITforbundet Forbundet vil setje i gang ei utgreiing med sikte på å seie opp EØS- avtalen til fordel for ordinære handelssamband med EU, medan Handel og Kontor vil forhandle fram ein ny og betre EØS-avtale. LO Oslo vil greie ut og utnytte dei nye moglegheitene som kan oppstå etter brexit, inkludert ein mogleg handelsavtale med EU.

LO-sekretariatet foreslår på si side at det blir gjennomført ei offentleg utgreiing som viser kva for alternativ det er til dagens EØS-avtale, og som samtidig vil sikre bedriftene full og føreseieleg marknadstilgang til Europa.

Det er heilt i tråd med kompromissvedtaket frå landsmøtet til det mektige Fellesforbundet i 2019, der EØS-skepsisen er utbreidd.

– Bakstreversk

Venstre-leiar Guri Melby skuldar LO for å gå baklengs inn i framtida med forslaget om å greie ut alternativ til dagens EØS-avtale.

– Eg meiner rett og slett det er bakstreversk, seier Melby.

Ho meiner EU har vorte ei drivande kraft på fleire område, som i klimapolitikken og tryggingspolitikken.

– Det å skulle ta eit steg tilbake og gå bort frå det, gir inga meining i dagens samfunn når alle desse utfordringane er så internasjonale som dei er, seier Melby.

Skeptisk til EØS-utgreiing

Ho er også kritisk til regjeringas nyutnemnde EØS-utval, som skal leiast av Fellesforbundets Line Eldring. Utvalet har fått i oppgåve å vurdere erfaringane med EØS.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) har tidlegare vore tydeleg på at utvalet ikkje skal greie ut alternativ til EØS-avtalen, men sjå på erfaringane som land som Storbritannia, Sveits og Canada har gjort med avtalane sine med EU.

Sjølv fremja Melby nyleg eit forslag for Stortinget om å greie ut fordelar og ulemper ved eit norsk EU-medlemskap.

– Det at ein ikkje tør å vurdere begge alternativa meiner eg er ein gammaldags tenkjemåte. Ein har låst seg fast i at EU er noko negativt som vi skal ha minst mogleg med å gjere, seier Venstre-leiaren.

LO: – Fornuftig

LO-sekretær Are Tomasgard meiner på si side det er fornuftig å gå gjennom EØS-avtalen, korleis han fungerer og om det såkalla handlingsrommet blir godt nok brukt.

– I den samanhengen er det naturleg å sjå dette opp mot kva som kunne vere alternativet, om det finst.

– Vi må greie ut alle eventuelle alternativ skal vi først gjere øvinga, seier Tomasgard.

Det er kunnskap også Melby burde interesse seg for, meiner LO-sekretæren.

– Melby, som sjølv har konkludert med at ho vil avløyse EØS-avtalen med fullt EU-medlemskap, burde kanskje sjølv hatt tolmod og interesse av å greie ut alternativa til EØS før ho konkluderte med å gå «all inn» for eitt av alternativa, seier Tomasgard, som forsikrar om at det skal «gode grunnar til» før LO går inn for å endre norsk tilknyting til EU.

Kongressen er LOs øvste organ og møtest normalt kvart fjerde år. Årets kongress finn stad 30. mai–3. juni.

(©NPK)

LO-leiinga vil greie ut alternativ til EØS-avtalen. Her held LO-leiar Peggy Hessen Følsvik 1. mai-tale på Youngstorget.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Venstre-leiar Guri Melby skuldar LO for å gå baklengs inn i framtida.
Foto: Terje Pedersen / NTB

LO-sekretær Are Tomasgard forsvarer forslaget frå LO-leiinga om å greie ut alternativ til EØS-avtalen. Her held han appell på ein demonstrasjon for oppsagde SAS-tilsette framfor Stortinget. Foto: Annika Byrde / NTB