Melby: – Pandemien er noko drit

Kunnskapsminister Guri Melby (V) støttar heilhjarta barn og unge som er møkk lei heimeskule.

– Det er openberra mange barn og unge som er lei, som synest at heimeskule er noko drit. Det er ikkje til å komme unna. Pandemien er noko drit, seier Melby til NTB.

Ho meiner skulane alt i alt klarer å gi eit godt tilbod til dei aller fleste barna og unge, trass i smitteverntiltak og periodar med heimeskule.

Statsråden peikar på tal departementet har fått når det gjeld spesielt tilrettelagt undervisning. Dei viser at ni av ti barn som har vedtak om spesialundervisning eller særskild opplæring, har fått alle timane dei har krav på i haust.

– Når vi no står midt i ein pandemi og har høgt sjukefråvær, synest eg det er gode tal, seier ho.

(©NPK)

Mykje heimeskule og strenge reglar for fritidsaktivitetar og møte med venner har prega liva til mange barn det siste året. Kunnskapsminister Guri Melby forstår godt at dei er lei.
Foto: Thomas Brun / NTB / NPK