Annonse

Nødetatane avsluttar søket etter båt i Fannefjorden

Nødetatane har avslutta søket etter at det kom meldingar om ein båt som skulle vere i ferd med å søkke i Fannefjorden ved Kleive i Molde kommune.

Annonse

Politiet melde om hendinga klokka 15.20. Politiet fekk melding om at ein mindre båt var i ferd meg å søkke. Det vart meldt om at det kunne vere to personar i båten.

I ei oppdatering skriv politiet at søket er avslutta.

– Det er ingen observasjonar av båt eller personar, skriv politiet på Twitter.

(©NPK)