Annonse

Melding om forureining i byfjorden i Bergen

Vest 110 melder tysdag ettermiddag om forureining i byfjorden i Bergen.

Annonse

Omfanget at forureininga er førebels ukjend. Sjøtenesta til brannvesenet er på veg til staden for å undersøkje saka.

Fungerande vaktkommandør Dan Inge Gjesdal ved Vest 110 seier til NTB at det ser ut som at det er sot og diesel som er i eit belte på mellom fem og 15 meter. Talet på liter kan han førebels ikkje seie noko om.

– Vi er først ute med brannbåt og drone for å finne ut kva dette er. Samtidig er vi i dialog med Kystverket for å finne ut kva vi skal gjere vidare, seier Gjesdal.

Han fortel at forureininga førebels er eit godt stykke frå land.

(©NPK)