Merkel bøygde hovudet for offera etter nazistane

– Å minnast lovbrota er eit ansvar som aldri tar slutt, sa Angela Merkel då ho besøkte dødsleiren Auschwitz for første gong som tysk statsminister.

Saman med den polske regjeringssjefen Mateusz Morawiecki gjekk Merkel fredag gjennom den berykta porten med påskrifta «Arbeit macht frei».

Dei la ned kransar ved den såkalla dødsveggen, der tusenvis av fangar vart skotne under andre verdskrigen.

– Det finst ingen ord som kan gi uttrykk for sorga vår, sa Merkel i ein tale under besøket.

Ho gav òg uttrykk for stor skam på åstaden for nokre av dei verste lovbrota gjort av Nazi-Tyskland under andre verdskrigen.

– Å minnast lovbrota er eit ansvar som aldri tar slutt, sa Merkel, som tydeleg slo fast at ansvaret kviler på Tyskland.

Fråsegnene vart tolka som kritikk av det høgrepopulistiske partiet AfD, som meiner tyskarane bør bruke mindre tid og krefter på å beklage handlingane til nazistane.

Fleire tidlegare tyske statsministrar har vore i Auschwitz-leirane sørvest i Polen. Men besøket på fredag er Merkels første etter at ho vart regjeringssjef for 14 år sidan.

(©NPK)

Tysklands statsminister Angela Merkel, den polske statsministeren Mateusz Morawiecki, museumsdirektør Piotr Cywinski (t.v.) og visedirektør Andrzej Kacorzyk (t.h.) går gjennom den berykta porten til konsentrasjonsleiren Auschwitz I. Foto: Markus Schreiber / AP / NTB scanpix

Angela Merkel med bøygd hovud etter å ha lagt ned krans ved den såkalla dødsveggen i konsentrasjonsleiren Auschwitz I. Foto: Markus Schreiber / AP / NTB scanpix

Statsminister Angela Merkel talte fredag i den tidlegare utryddingsleiren Auschwitz-Birkenau. Foto: Czarek Sokolowski / AP / NTB scanpix

Tysklands statsminister Angela Merkel og den polske statsministeren Mateusz Morawiecki i den tidlegare utryddingsleiren Auschwitz-Birkenau. Foto: Markus Schreiber / AP / NTB scanpix

Angela Merkel ved jernbanelinja som frakta jødiske ofre til utryddingsleiren Auschwitz-Birkenau. Foto: Markus Schreiber / AP / NTB scanpix