Annonse

Merkel kritiserer Trump

Tysklands statsminister Angela Merkel kritiserer USAs president Donald Trump for utfalla mot fire demokratiske kongresskvinner.

Annonse

Merkel heldt fredag den årlege pressekonferansen sin før sommaren. Der vart ho spurt om ho framleis deler verdiane til den amerikanske presidenten.

Trump har hausta skarpt kritikk for å fleire gonger ha hetsa dei fire kongressrepresentantane Alexandria Ocasio-Cortez, Rashida Tlaib, Ayanna Pressley og Ilhan Omar. Han får blant anna kritikk i ein resolusjon i Representanthuset som slår fast at kritikken er rasistisk.

- Folk med svært ulike nasjonalitetar har bidratt til styrken til det amerikanske folk. Dette er kommentarar som i særs stor grad går imot det inntrykket eg har. Dette er noko som går imot USAs styrke, sa Merkel fredag.

På spørsmål om ho føler solidaritet med dei fire kongresskvinnene, svarte Merkel bekreftande og understreka at ho tar avstand frå kommentarane.

USA og Iran

Under pressekonferansen trekte den tyske statsministeren òg fram den viktige rolla til den diplomatiske innsatsen som no går føre seg for å hindre auka spenning mellom USA og Iran.

Merkel roste blant andre Frankrikes president Emmanuel Macrons forsøk på å legge til rette samtalar mellom dei to landa.

Tyskland har til liks med Frankrike, Storbritannia, Russland, Kina og EU slått ring om atomavtalen med Iran, som Trump trekte USA frå i fjor.

Skjelving

Merkel fekk under pressekonferansen òg spørsmål om skjelvetoktene ho har hatt ved fleire høve den siste tida.

64-åringen har hatt tre tilfelle av skjelvingar på under ein månad, medan ho har deltatt på offentlege tilstellingar.

På pressekonferansen heldt ho likevel fast på at ho har det fint, og ho forsikra om at ho vil halde fram med det politiske arbeidet sitt fram til regjeringsperioden går ut i 2021.

(©NPK)

Tysklands statsminister Angela Merkel heldt fredag sin årlege sommarpressekonferanse i Berlin.
Foto: AP Photo / Michael Sohn / NTB scanpix