Annonse

Merkels partnar i Bayern erkjenner valnederlaget

Dette er ikkje ein god dag for CSU, seier delstatsministeren i Bayern etter katastrofevalet for statsminister Angela Merkels alliansepartnar.

Valresultatet viser at kristenkonservative CSU får 37,2 prosent av stemmene i delstatsvalet i Bayern. Det er ein kraftig tilbakegang for partiet, som har styrt delstaten i over 70 år.

CSU er framleis klart størst i Bayern, men vil miste fleirtalet i delstatsforsamlinga, viser det endelege resultatet natt til måndag.

Også Merkels andre alliansepartnar, sosialdemokratane i SPD, gjorde eit katastrofeval i Bayern. Partiet fekk 9,7 prosent stemmer, som er om lag halvparten av stemmene dei fekk ved valet 2013. Så dårleg har ikkje partiet gjort det i delstaten sidan andre verdskrigen.

- Dette er sjølvsagt ikkje ein god dag for CSU, sa delstatsminister Markus Söder då valresultatet vart kjent. Han seier at partiet audmjukt har akseptert det «smertefulle» resultatet.

Det var likevel jubel i andre parti. Dei Grøne fekk 17,7 prosent oppslutning, som er nesten dobbelt så høgt som ved førre val. Også det innvandringskritiske partiet Alternativ for Tyskland (AfD) gjekk kraftig fram med ei oppslutning på 10,2 prosent. Partiet har no sikra seg ein plass i delstatsforsamlinga for første gong.

Nasjonale konsekvensar

Eit sviande nederlag for CSU kan få konsekvensar også for tysk politikk på nasjonalt nivå.

- Dersom CSU gjer eit så dårleg val som det ser ut til, er det store sjansar for at innanriksminister og CSU-leiar Horst Seehofer må gå av som partileiar, sa førsteamanuensis Ole Letnes ved Universitetet i Agder til NTB før resultatet var klart.

I så fall kan statsminister Angela Merkels konservative koalisjon, med Merkels CDU og søsterpartiet CSU, stå overfor nye problem.

- Det vil gi debatten om Merkels framtid ny næring. Kanskje ikkje heilt umiddelbart, fordi ein vil vente på valet i Hessen om fjorten dagar og frede Merkel til etter det. Men etter den tid vil det brake laus, var Letnes' analyse.

Paradoks

Andre peikar på at det ikkje nødvendigvis er noka ulempe for Merkel dersom Seehofer må ta ansvaret for CSUs tilbakegang og gå av.

- Det er ingen løyndom at ho gjerne vil sjå Seehofers avgang. Innanriksministeren har vore hovudkjelda til ustabiliteten og spenninga i den seks månader gamle koalisjonsregjeringa, skriv Financial Times.

Samtidig vil eit svekt CSU i Bayern, som kanskje vil bli avhengig av Dei Grøne, få større vanskar med å tvinge gjennom sin vilje i Berlin, blir det peika på.

- Kva som skjer med storkoalisjonen i Berlin, avheng veldig mykje av utfallet av valet i Bayern, sa Letnes.

(©NPK)

CSU-leiar Horst Seehofer under ein tale han heldt i München i midten av september. Foto: Matthias Schrader / AP / NTB scanpix