Klargjør siden...

Michelin-restaurant flyttar inn på Nasjonalbiblioteket

Restauranten Credo, som har ei stjerne i Michelin-guiden, flyttar inn på Nasjonalbiblioteket på Solli plass i Oslo.

Den populære restauranten har tidlegare lege i Trondheim, men rettar no snuten mot hovudstaden. Der vil dei utvikle eit formidlings- og serveringskonsept med «fokus på norsk matkultur, mattradisjoner og kulturhistorie».

– Ved relokalisering av Credo og samarbeid med Nasjonalbiblioteket, ser vi moglegheita for å nå ut til eit breitt publikum med kunnskap om norsk matkultur og berekraft, seier grunnleggjar og eig Heidi Bjørkan.

Restauranten fylte i oktober 25 år. I 2019 vart den tildelt den første Michelin-stjerna si. I den anerkjende guiden vart restauranten hylla for den berekraftige drifta si, tette kontakt med produsentar og foredlinga av råvarene.

Credo og Nasjonalbiblioteket har inngått ein intensjonsavtale, og skal saman utvikle og spisse konseptet framover. Ein avtale om drift kjem truleg på plass tidleg i 2024. Planlagd oppstart er sett til sommaren eller hausten.

– Vi er enormt glade for samarbeidet med Credo, seier direktør for kulturformidling Eline Skaar Kleven ved Nasjonalbiblioteket.

(©NPK)

Den populære restauranten Credo flyttar i løpet av 2024 inn her på Nasjonalbiblioteket. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Annonse