Migrantar møtt med tåregass på Mexico-grense

Tryggingsstyrkar har skote tåregass mot folk som prøver å krysse grensa frå Guatemala til Mexico til fots.

Fleire hundre mellomamerikanarar gjekk måndag saman over den grunne Suchiate-elva frå Tucun Uman i eit forsøk på å krysse grensa inn i Mexico sørfrå.

Mexico har sett inn ekstra soldatar frå nasjonalgarden ved elvebreidda, og dei brukte tåregass i eit forsøk på å stoppe flyktningane, fortel nyheitsbyrået AFP.

Det skjedde etter at rundt 3.000 menneske igjen prøvde å ta seg over brua mellom dei to landa.

Dei sette seg ned midt på brua, men gjekk ut i vatnet då dei mexicanske styresmaktene gjorde det klart at grenseovergangen var stengd for dei.

(©NPK)

Migrantar frå Mellom-Amerika kryssar Suchiate-elva til fots frå Tucun Uman i Guatemala til Mexico måndag. Foto: Moises Castillo / AP / NTB scanpix