Militærparaden på Frankrikes nasjonaldag er avlyst

Militærparaden på Champs-Élysées i Paris på Frankrikes nasjonaldag blir avlyst og blir erstatta av ein seremoni som tek omsyn til avstandsreglane.

Omkring 2.000 soldatar og andre deltakarar skal vere med på seremonien på Place de la Concorde, kunngjorde kontoret til presidenten torsdag.

Det vil vere plass til 2.500 tilskodarar som tek omsyn til avstandsreglane. Jagarfly vil som vanleg fly over byen, og seremonien vil vere til ære for både militæret og rolla til helsevesenet i kampen mot koronaviruset.

Den franske nasjonaldagen er til minne om storminga av borga Bastillen under den franske revolusjonen i 1789. Nasjonaldagen kallast derfor òg Bastilledagen.

(©NPK)

Soldatar skal ikkje marsjere forbi Triumfbogen og nedover Champs-Élysées i år. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix