Annonse

Miljøpartiet Dei Grøne kvittar seg med talspersonmodell

Miljøpartiet Dei Grøne går bort frå ordninga med to nasjonale talspersonar. No vil partiet ha éin partileiar og ein nestleiar.

Annonse

Endringa trer formelt i kraft først etter at den inneverande valperioden går ut i 2020. Partiet er klar for ein ny leiarmodell etter at eit stort fleirtal i uravstemminga blant 6.000 medlemmer gjekk inn for ein tradisjonell leiarmodell.

- Vi vil dermed gå vekk frå dagens modell med to talspersonar. For mange medlemmer har dette vore eit kjenneteikn ved Dei Grøne. Eg vil derfor understreke at det er viktig at vi ikkje mistar den demokratiske kulturen vår av å endre struktur, seier fungerande partisekretær Torkil Vederhus i MDG.

Voteringa blant partimedlemmene om leiarmodellen i partiet starta for snautt tre veker sidan. Spørsmålet vart avgjort ved at medlemmene stemde anonymt på ei nettside.

Partileiinga er i dag sett saman av to jamstilte nasjonale talspersonar - Une Aina Bastholm og Arild Hermstad.

(©NPK)

Une Aina Bastholm (t.v.) og Arild Hermstads dagar som nasjonale talspersonar i Miljøpartiet Dei Grøne er snart talde. Foto: Mats Rønning / NTB scanpix