Annonse

Miljørørsla ikkje fornøgd med klimakutt

Regjeringa skal kutte 45 prosent av norske utslepp innan 2030. Miljørørsla meiner det er for lite forpliktande.

Noreg sine ikkje-kvotepliktige utslepp skal reduserast med minst 45 prosent samanlikna med 2005.

- Dette har eg og Venstre kjempa hardt for i forhandlingane på Granavollen, seier miljøvernminister Ola Elvestuen (V).

Leiar Marius Holm i miljøstiftelsen ZERO meiner kutta er bra, men ingen garanti.

- At ambisjonen aukar frå 40 prosent til 45 prosent kutt i ikkje-kvotepliktige utslepp i 2030 er bra, men ingen garanti for fleire effektive klimatiltak, seier Holm.

Klimaengasjerte statsrådar frå dei fire partia har få konkrete forpliktingar dei kan slå i bordet med når prioriteringane frå regjeringa blir gjort opp internt, meiner Holm.

- Regjeringas klimasuksess kviler no på om dei klarande å omsetje gode klimaplanar til konkrete tiltak. Her kviler det eit stort ansvar på statsminister Erna Solberg for å sikre konkrete teknologiskift og klimapolitikk som gjer ein reell skilnad, seier Holm.

Styrkar regnskogsatsing

Regjeringa skal i tillegg styrke og vidareutvikle regnskogsatsingen og auke støtta til internasjonal klimafinansiering.

- Skal vi løyse klimakrisen, må regnskogen reddast. Derfor er det viktig at regjeringa no vil styrke regnskogsatsingen og auke støtta til klimatiltak i utlandet. Det vil sikre at Noreg framleis har det globale leiarskapet for denne avgjerande klimaløysinga, seier Øyvind Eggen, dagleg leiar i Regnskogfondet.

Regnskogfondet har òg store forventingar til den varsla satsinga til regjeringa på menneskerettar.

- Kvar veke blir fleire miljøforkjemparar drepne, mange på grunn av kampen sin for regnskogen. Vi ser derfor fram til auka satsing på menneskerettar, seier Øyvind Eggen.

Uforpliktande

Naturvernforbundet meiner den nødvendige kursendringa i klimapolitikken uteblir med KrF med på laget.

- KrF har ikkje utnytta makta til å få gjennomslag i klima- og miljøpolitikken. Det er ei lita og uforpliktande skjerping av klimamåla i Noreg i denne avtalen, men dette blir undergrave av satsinga på olje, gass, veg og fly. Det er vanskeleg å forstå at KrF ønsker å vere med på dette, seier Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet.

Natur og Ungdom er skuffa over at regjeringsplattforma ikkje reduserer talet på løyve til oljeutvinning

- Med stadig meir oljeboring sviktar partia naturen og dei unge. Denne plattforma er ikkje verd papiret han er skriven på, seier Eiterjord.

- Sviktar

Leiar Anja Bakken Riise i Framtiden i våre hender meiner Noreg sviktar klimaet.

- Når verda treng ein klimaleiar, sviktar dessverre Noreg si nye regjering. Dei små oppjusteringane frå Jeløya-plattforma står ikkje i stil med nyheitene frå FNs klimapanel som kom i haust. Når dette var alt KrF fekk til på klima, burde dei late vere å gå i regjering. Vi trur dei kunne fått til meir ved å stå utanfor.

Talsperson Une Bastholm i Miljøpartiet Dei Grøne meiner klimasatsinga er for svak i den nye regjeringsplattforma:

- Regjeringsplattforma er ein stor siger for oljelobbyen. Her har dei fått endå meir enn i Jeløya-plattforma. Dette kan ikkje kallast ambisiøs klimapolitikk, seier ho.

(©NPK)