Klargjør siden...

Miller og Broncos-forsvaret vann Superbowl

(NPK-NTB): Angrepsstjernene vart knebla i Superbowl søndag. Von Miller og Denver Broncos-forsvaret triumferte då Carolina Panthers vart slått 24– 10.

Cam Newton vart laurdag kåra til årets mest verdifulle spelar (MVP) i NFL, etter å ha ført laget sitt til 17 sigrar på 18 kampar med eit angrepsfyrverkeri. Søndag kom han brutalt ned på jorda.

To gonger takla Miller han så han mista ballen til motspelar. Det vart omsett i 15 Broncos-poeng. Første gong, i 1. periode, kasta Broncos-spelar Malik Jackson seg over ballen i Panthers' målsone. Neste gong, drygt tre minutt før slutt, fekk Broncos-angrepet ballen djupt i motstandarsonen. Rett etter sprang C.J. Anderson inn poenga som punkterte kampen.

Siste gong Newton glapp ballen etter å ha blitt takla av Vonn, hadde han sjansen til sjølv å kaste seg over han, men trekte seg. Den augneblinken kjem han til å måtte tole kritikk for i lang, lang tid. Til saman vart Newton takla med ballen heile sju gonger av det beste forsvaret i ligaen.

39-årige Peyton Manning hadde det ikkje særleg lettare enn Newton. Han greidde berre 141 pasningsyards (mot Newtons 265), kasta ballen til motspelar ein gong og glapp han til motspelar ein gong. Han greidde ingen touchdownpasning, men kunne juble for sin andre superbowltriumf som krona på ein stor karriere.

Carolina Panthers hadde ikkje lege under i sluttspelet. Av 120 spelte minutt i dei to tidlegare kampane hadde laget leidd i 114. Søndag scora Broncos i sitt første angrep, via det første av tre trepoengspark frå Brandon McManus, og gav aldri frå seg leiinga.

Denver Broncos er meister for tredje gong. Laget vann i 1998 og 1999, i dei to siste åra av karrieren til quarterbacklegenden John Elway. Sigeren søndag kan ha vore Peyton Mannings svanesong. Også han er sjølvskriven til Hall of Fame. (©NPK)

Annonse