Milliardbru i Nordland må byte 344 boltar eit halvt år etter opning

Eit halvt år etter at Hålogalandsbrua i Nordland stod ferdig, er det behov for store reparasjonar. Alle boltane må skiftast for å halde ho trygg.

Det store bruprosjektet har ikkje komme utan utfordringar. Den kinesiske entreprenøren som står ansvarleg for bygginga, har støytt på forseinkingar, konkursar og betongutfordringar.

No viser det seg òg at alle dei 344 boltane som held dei berande vaierane i hengebrua må skiftast, skriv NRK.

Det vart klart etter at ein av boltane rauk og det samtidig viste seg at fleire var sprokne. Boltane er utsette for å bli svekt av hydrogen, noko som gjer at dei etter kvart kan ryke. Statens vegvesen meiner det er ein produksjonsfeil.

- Vi meiner det er ein produksjonsfeil og at entreprenøren skal dekke kostnadene. Men det blir det sikkert ein diskusjon om, seier prosjektsjef Stein Johnny Johansen i Statens vegvesen nord.

Hålogalandsbrua like utanfor Narvik kosta nesten fire milliardar å bygge, og er Noregs nest lengste hengebru med sine 1.533 meter. Brua vart opna i desember 2018, nesten to år etter at den opphavleg skulle stå ferdig.

Det er det kinesiske selskapet Sichuan Road and Bridge Group som står som entreprenør. Selskapet vann i 2017 konkurransen om sjølve bygginga av metalldekket og montering av kablar og feste, medan eit kinesisk stålverk vann konkurransen om å levere metallet.

I tillegg til det kinesiske stålet, kjem kabelhovuda frå Tyrkia og ein del av kabelfesta frå Sveits, medan betongarbeidet, arméring og asfalt er levert av norske selskap.

NRK har prøvd å kontakte den kinesiske entreprenøren, utan hell.

(©NPK)