Klargjør siden...

Milliardimport av olje frå omstridde land

(NPK-NTB): I 2015 blei det importert olje til Noreg for 3,5 milliardar kroner. Olja kjem frå land som Noreg helst ikkje vil samanlikna seg med, og Statoil og Exxon Mobil skal vera dei som importerer mest.

Ifølgje Stavanger Aftenblad skjer importen av olje til raffineriet på Mongstad. Der kjem mesteparten av olja frå norsk sokkel, men Statoil har også behov for å importera olje med andre eigenskapar enn den norske. Men dei ønskjer ikkje å fortelja kor olja kjem frå.

– Av kommersielle og konkurransemessige omsyn kommenterer vi ikkje kor Statoil importerer råolje frå. Importolja skal tilfredsstilla og optimalisera produksjonen vår på Mongstad. Då treng vi olje av rett kvalitet for å laga dei produkta som kundane spør etter, seier pressekontakt Elin A. Isaksen i Statoil til avisa.

Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå kjem mesteparten av den importerte olja frå Russland. Deretter følgjer Kongo, Kamerun, Ekvatorial-Guinea, Storbritannia, Nigeria og Angola.

Isaksen strekar under at Statoil ikkje handlar med land som er under boikott.

Arild Hermstad i Fremtiden i våre hender er kritisk til handelen og meiner at det ikkje er uproblematisk kor olja kjem frå.

– Med Russland har vi ein handelskonflikt, men likevel importerer vi store mengder olje. Ekvatorial-Guinea er eitt av verstinglanda i Afrika, konstaterer han.

Heller ikkje ExxonMobil ønskjer å kommentera kva land dei importerer råolje frå. (©NPK)

Annonse