Millionbot etter eksplosjon på metallgjenvinningsanlegg

Ein leiar er tiltalt etter eksplosjonen ved Metallco i Vestre Toten i 2017, der to menn døydde. I tillegg får bedrifta eit førelegg på 2,5 millionar kroner.

Det var i november 2017 at ein smelteomn på metallgjenvinningsanlegget Metallco Aluminium på Eina i Vestre Toten eksploderte. Etter eksplosjonen oppstod det ein kraftig brann på anlegget.
To menn mista livet i eksplosjonen, og to andre vart skadde.
No er det tatt ut tiltale mot ein leiar ved bedrifta for brot på arbeidsmiljølova, medan ein annan mann får eit førelegg på 100.000 kroner for brot på arbeidsmiljølova, opplyser Økokrim i ei pressemelding.
Samtidig fått Metallco eit førelegg på 2,5 millionar kroner for brot på arbeidsmiljølova. Bedrifta blir òg pålagd å betale til saman 653.575 kroner i oppreisning og skadeserstatning til dei pårørande og skadde etter ulykka.
EMBED START Custom Berre ruinar var igjen av driftsbygninga hos Metallco på Eina etter at ein smeltekjele for metall eksploderte. Den kraftige eksplosjonen kasta metalldelar og betongbitar ut over eit stort område. Foto: Tore Meek / NTB scanpix EMBED END Custom(©NPK)
Det oppstod ein kraftig, eksplosjonsarta brann etter at smeltekjelen på Metallco eksploderte. NB: Bildet er sperra for Oppland Arbeiderblad. Foto: Marit Mathisen / Totens Blad / NTB scanpix