Klargjør siden...

Minnestund for offera frå helikopterulykka

(NPK-NTB): Dei 13 som omkom i helikopterulykka på veg heim frå jobb i Nordsjøen 29. april var blant våre fremste, sa Statoils konsernsjef Eldar Sætre under ei minnestund i Bergen måndag.

Familie, venner og kollegaer var samla til minnestund i Håkonshallen.

– Vi er her for å minne og ære dei som mista livet i helikopterulykka 29. april. Familiane som er med oss her skal vite at dei ikkje er åleine. Vi er her for å dele sorga, for å minnast dei vi saknar og for å heidre den jobben dei gjorde på vegner av ein heil industri og ein heil nasjon, sa Sætre.

Statoil-sjefen slo fast at offera i ulykka var ein del av vår tids pionerar i ein industri der verdiane ikkje kjem av seg sjølv, men kvar dag må skapast av dei menneska som held drifta i gang.

– Dei 13 var blant våre fremste. Saknet er stort. Vår takknemlegheit er djup, sa Sætre.

Statoil-sjefen takka også redningsmannskapa og alle andre som har stilt opp i ei vanskeleg tid. (©NPK)

Annonse