Ledig stilling publisert: 23.11.2022 kl 11:59

Arbeidsstad:

På ein av våre kontorlokasjonar nær deg - Ålesund, Sandane, Ørsta, Førde, Florø, Stryn, Vik i Sogn og Kvinnherad.

Kontaktperson:

Thomas Fossum
Tlf: 98 21 98 40
E-post: Send e-post
Tittel: Leiar for Utvikling & Digitalisering

Om stillinga
Heltid
Privat sektor

Søknadsfrist

05.12.22

Løysingsarkitekt digitale tenester

Bli med å bygge dei beste digitale tenestene i straumbransjen!

Vi har utvikla ei digital plattform som gir kundane våre dei beste løysingane i marknaden innan straum og energieffektivisering. Ønskjer du å vere ein del av innovasjonsteamet vårt og saman bygge den beste kundereisa i marknaden?

Dine arbeidsoppgåver

  • Ha ei sentral rolle i vårt innovasjonsteam med fokus på vidareutvikling av våre digitale løysingar
  • Ansvar for å vidareutvikle ein heilskapleg systemarkitektur og gjennomføre teknologival
  • Vidareutvikling av løysingane våre i samarbeid med konsulentar og partnerar i vårt økosystem
  • Kvalitetssikring av leverandørane sine løysingsforslag og leveransar
  • Effektivisering av forretningsprosessar og gjennomføre kontinuerleg forbetring av brukarreisene


Vi søker deg som har

  • Utviklarbakgrunn, og erfaring med (sky)arkitektur og løysingsdesign
  • Erfaring innan innovasjon og utvikling av nye produkt og tenester
  • Forretningsforståelse – evne til å sjå kost/nytte
  • Erfaring frå prosjektleiing og samhandling i tverfaglege og autonome team


Vi håpar du er

  • Målretta og analytisk
  • Kundeorientert – forstå og levere på behova til kundane våre
  • Utviklingsorientert og er oppdatert på relevante teknologitrendar
  • Engasjert og initiativrik - pådrivar for større endringar
  • Like glad i å jobbe sjølvstendig, som i team


Vi tilbyr

  • Ei verksemd i endring og utvikling
  • Konkurransedyktige vilkår (løn, pensjon, forsikring)
  • Gode velferdsordningar
  • Fagleg utvikling og gode muligheiter for kompetansebygging


Spørsmål og søknad

For spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med:

Leiar for Utvikling & Digitalisering, Thomas Fossum, thomas.fossum@wattn.no/tlf. 98 21 98 40

Leiar for HR, Per-Are Sørheim, per.are.sorheim@wattn.no/tlf. 91 85 25 41.

For å søke på stillinga sender du søknad og CV til karriere@wattn.no.

Merk søknadsfristen 05.12.2022.

Wattn

Hjemmeside
E-post: hei@wattn.no

Wattn er ein av dei største straumleverandørane i Norge, med fokus på forenkling og innsikt gjennom framtidsretta og berekraftige løysingar. Dagleg jobbar over 50 tilsette for å gjere straumkvardagen enklare for bedrifter og folk flest over heile landet. Vi har kontor langs heile vestlandskysten, frå Kvinnherad i sør til Ålesund i nord.

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.

Annonse