Ledig stilling publisert: 29.05.2024 kl 10:54

Arbeidsstad:

Kontaktperson:

Lars Fjærvold
Tlf: 90863846
Tittel: Driftsleiar vatn og avløp

Om stillinga

Heltid
Offentlig sektor

Søknadsfrist

21.06.24

Søknadsskjema

Gå til skjema »

Driftsoperatør Vatn og avløp

Vatn- og avløpsanlegga i Volda kommune driftast i dag av 7 driftsoperatørar og 1 seksjonsleiar. Denne stillinga vil inngå i dei 7 driftsoperatørane.

Som driftsoperatør vil du arbeide med reinsing av drikkevatn, leidningsnett på vatn og avløp, samt reinsing av avløpsvatn. Kommunen har i dag over 50 installasjonar som krevjer jamnleg vedlikehald og fleire hundre kilometer med leidningsnett. Arbeidsdagane er varierte og vi har installasjonar i heile kommunen.

Arbeidet foregår i hovudsak i team på 2 personar. Ein driftar vassverk, reduksjonshus, pumpestasjonar, inntaksmagasin, høgdebasseng, avløpspumpestasjonar, avløpsreinseanlegg, leidningsnett og overvass-system.

Stillinga krev at ein er villig til å gå inn i kommunale vaktordningar.

Oppmøtestad er Myrtun, ved innkøyringa til Rotsethorntunellen på Voldasida.

Arbeidsoppgåver

  • Vedlikehald og service av ventilar, reinseutstyr, filter, pumper, og so vidare
  • Spyling av høgdebasseng og leidningsnett
  • Vasslekkasjer og kloakkstopp
  • Drift av reinseanlegg på vatn og avløp
  • Drift av pumpesatsjonar

Kvalifikasjonar

  • Førarkort klasse B
  • Gode munnlege norskferdigheitar
  • Fagbrev (kan kompenserast med yrkeserfaring)

Personlege eigenskapar

  • Serviceinstilt
  • Løysingsorientert
  • Strukturert

Vi tilbyr

Vi tilbyr eit god arbeidsmiljø med varierte og spanande oppgåver.

Volda kommune

Stormyra 2
6100 Volda

Tlf: 70 05 87 00
Hjemmeside
E-post: postmottak@volda.kommune.no

I folketal er Volda kommune den største på søre Sunnmøre, og den femte største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.

I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.

I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.