Annonse

Minst 37 omkom i bussulykke i Brasil

Minst 37 personar mista livet og 15 vart skadde då ein buss kolliderte med ein lastebil søraust i Brasil onsdag, ifølgje politiet.

Annonse

Bussen frakta tilsette frå ein tekstilfabrikk og kolliderte med ein lastebil på hovudvegen utanfor landsbyen Taguai i delstaten São Paulo, rundt 800 kilometer søraust for Rio de Janeiro.

Årsaka til ulykka er ikkje kjend.

(©NPK)