Annonse

Minst 67 ulvar registrert i Noreg

Overvakinga i vinter har påvist mellom 67 og 74 ulvar i Noreg, inkludert grenserevir. Det blir likevel venta at fleire ulvar blir registrert utover vinteren.

Ulvane har vorte registrerte i perioden 1. oktober til 12. desember. Åtte av dei registrerte ulvane er døde, og av dei attverande dyra har mellom 43 og 50 heilnorsk tilhøyring.

Med unntak av fire registrerte ulvar er alle påvist i fylka med ulvesone - Hedmark, Akershus, Oslo og Østfold, opplyser leiar Jonas Kindberg i Rovdata. Tre av dei fire ulvane som er registrerte i fylke utanfor ulvesonene, er skotne. Den siste er påvist i Trøndelag.

Sidan det framleis er lenge igjen til sesongen for registreringar blir avslutta 31. mars neste år, er det venta at talet på ulvar som blir registrerte vil stige utover vinteren.

Registrering av ulvekull fødd våren 2018 er ein sentral del av Rovdatas overvaking, og så langt er det dokumentert fire kvalpekull i heilnorske revir - Letjenna, Kynna, Mangen og Østmarka. Det er òg registrert eit kvalpekull der familien har tilhald på begge sider av grensa mot Sverige.

- Sporing av ulveflokkar på snø viser at det sannsynlegvis er minst eitt heilnorsk kull og to kull i grenserevir i tillegg til dei som er dokumentert. Vi må analysere DNA av nyleg innsamla material, og spore ytterlegare, før vi kan konkludere dette sikkert, seier Kindberg.

Klima- og miljødepartementet har vedteke å felle Slettås-flokken innanfor ulvesona, men verne revira i Hobøl og Mangen. Dermed har departementet sagt ja til å felle 29 ulv, 3 av dei innanfor ulvesona. Dette er 14 færre ulvar enn det rovviltnemndene foreslo. Stortinget har frå før sett fast eit nasjonalt bestandsmål på fire-seks ulvekull i året.

(©NPK)

Denne ulven er fotografert i Langedrag, men Rovdatas overvaking har påvist mellom 67 og 74 ville ulvar i Noreg. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix