Annonse

Minst åtte barn døydde i trafikkulykke på Filippinane

Minst åtte skulebarn og ein annan person omkom i ei trafikkulykke på Filippinane, opplyser styresmaktene i landet.

Ulykka skjedde då barna, som vart frakta lasteplanet til ein anleggsbil, var på veg til ein idrettsaktivitet. Bremsane skal ha slutta å fungere då bilen køyrde ned ein bakke utanfor byen Boljoon.

- Sjåføren prøvde å bremse ved å skrape sida av lastebilen mot fjellet, seier ordføraren i byen Merlou Derama.

Tre jenter og fem gutar mellom elleve og tolv år døydde. I tillegg døydde mor til eitt av barna. Ytterlegare fem av dei 30 passasjerane vart frakta til sjukehus.

(©NPK)