Klargjør siden...

Minst elleve drepne av bombe mot politibuss i Istanbul

(NPK-NTB-AP-AFP): Minst elleve menneske vart drepne, sju av dei politimenn, då ei kraftig bombe eksploderte i Istanbul i Tyrkia tysdag, opplyser guvernøren i byen.

Bomba vart løyst ut idet ein buss med opprørspoliti passerte eit travelt vegkryss nær Istanbul-universitetet i Beyazit-distriktet, som ligg på den europeiske sida av Bosporos-sundet.

Ifølgje guvernøren i Istanbul, Vasip Sahin, vart elleve menneske drepne i eksplosjonen, sju av dei politifolk. 36 menneske vart såra.

Bilete frå staden viser at politibussen og fleire bilar i nærleiken vart smadra til det ugjenkjennelege i eksplosjonen.

Den ytterleggåande islamistgruppa IS blir også skulda for å ha stått bak fleire dødelege bombeangrep i Tyrkia det siste året. (©NPK)

Annonse