Annonse

Minst seks barn skal vere drepne i flyangrep i Afghanistan

Ni sivile, blant dei seks barn, er drepne i eit flyangrep frå Nato aust i Afghanistan, ifølgje lokale tenestemenn.

Annonse

Angrepet skjedde i Baraki Barak-distriktet i Logar-provinsen, i eit område som blir kontrollert av Taliban, opplyser provinsrådsmedlem Huma Ahmadi.

Sjefen for provinsrådet, Hasibullah Stanakzai, stadfestar hendinga og seier flyangrepet ramma eit telt som blir brukt av nomadar. Forutan dei ni sivile som vart drepne, vart seks andre såra i angrepet.

Ifølgje Mohammad Naser Ghairat, som også sit i provinsrådet, var det Nato-fly som stod bak angrepet. Dette er ikkje stadfesta frå anna hald og Nato har ikkje kommentert opplysningane.

Amerikanske og afghanske styrkar har trappa opp luftangrepa mot opprørarar sidan i fjor. Ifølgje statistikk frå det amerikanske forsvaret vart over 2.000 «våpen» - det vil seie bomber og rakettar - brukte i Afghanistan mellom januar og april i år. I fjor vart totalt 7.362 «våpen» sleppte i det krigsherja landet, samanlikna med 4.361 året før.

Ekspertar meiner amerikanske og afghanske styrkar nyleg har byrja å rette angrep direkte mot feltkommandørar frå Taliban som dei meiner er imot ei fredeleg forhandlingsløysing på krigen.

Ofte rammar ikkje luftangrepa målet, og det blir meldt om høge sivile tap.

Representantar for USA og den afghanske opprørsrørsla Taliban har sidan i fjor sommar møttest i håp om å forhandle fram ein avtale som skal løyse den mangeårige konflikten.

(©NPK)