Modi startar samtalar for å danne ny indisk regjering

Statsminister Narendra Modi har starta samtalar for å danne ny regjering etter valsigeren i India.

Modis hindunasjonalistiske parti Bharatiya Janata Party (BJP) vann ein klar siger i valet og sikra seg minst 301 av dei 525 representantane i underhuset i den indiske nasjonalforsamlinga, viser førebelse resultat frå valkommisjonen.

BJPs støtteparti sikra seg rundt 50 representantar, medan det største opposisjonspartiet, Kongresspartiet, leidd av Rahul Gandhi, har fått 52 representantar.

Kongresspartiet gjorde det rett nok betre enn katastrofevalet i 2014, då partiet fekk 44 representantar, men enda opp utan representantar frå 13 av Indias 29 delstatar.

Bitter Gandhi

For 48 år gamle Gandhi, som i det lengste håpte å vidareføre familiedynastiet etter faren Rajiv Gandhi, bestemora Indira Gandhi og oldefaren Jawaharlal Nehru, var nederlaget bittert.

- Dette er mellom partiet og meg, var det korte svaret hans då han fekk spørsmål om kva for følgjer valnederlaget får.

- Vi må gå tilbake til teiknebordet, svarer talsmannen til kongresspartiet Salman Soz på spørsmålet om Gandhis dagar som partileiar er over.

Regjeringssamtalar

Medan stemninga er labar hos Kongresspartiet, er den desto høgare hos BJP.

Fredag morgon hadde Modi eit møte med partileiinga for å diskutere regjeringsdanning, og fredag kveld skal han etter planen samle den sittande regjeringa for å diskutere vegen vidare.

Omstridd nonne

Blant dei som er valt inn i nasjonalforsamlinga for partiet, er også den omstridde nonna Sadhvi Pragya Thakur, som blir skulda for å ha deltatt i eit terrorangrep mot ein moské i 2008 der seks menneske vart drepne og over 100 såra.

Thakur fekk hard kritikk frå blant andre Modi då ho nyleg feira drapet på Indias sjølvstendehelt Mahatma Gandhi, men sikra seg likevel 62 prosent av stemmene i industribyen Bhopal.

(©NPK)

Narendra Modi fortset som statsminister i India og har etter valsigeren styrkt sitt mandat. Foto: AP / NTB scanpix