Annonse

Mogleg koronasmitta mann arrestert for innbrot på Levanger sjukehus

Ein mann er arrestert for skadeverk på Levanger sjukehus. Det skjedde timar etter at han bad om hjelp frå helsevesenet som følgje av mogleg koronasmitte.

Mannen i 20-åra skal ha knust ei inngangsdør og anna inventar på sjukehuset laurdag morgon.

– Same person var vi òg i kontakt med i natt då bad han om hjelp frå helsevesenet. Vi framstilte han til helsevesenet i natt, og dette var han tydelegvis ikkje nøgd med. Han sjølv og helsevesenet meiner han kan vere utsett for koronaviruset, og det var bakgrunnen for kontakten i natt, seier operasjonsleiar Rune Brandmo i Trøndelag politidistrikt til Adresseavisen.

Mannen har vorte testa for viruset og blir halden i arresten til prøveresultatet er klart.

Vektarar på sjukehuset varsla om hendinga klokka 06.41 .

(©NPK)