Annonse

Moi jaktar på Salahs drakt

Mohamed Elyounoussi var nær scoring mot Brighton måndag. No ventar formsterke Liverpool.

Annonse

Etter kampen håper Moi å sikre seg ei spesiell drakt.

- Eg skal ha drakta til Mohamed Salah. Ein glimrande fotballspelar, seier Elyounoussi til NTB.

Den norske landslagsvingen har fått med seg at mange Southampton-spelarar hamnar hos nettopp motstandaren for laurdag i Premier League.

- Dei har ein tendens til det. Eg har faktisk fått med meg det. Det handlar om å gi alt for klubben ein er i. Ein veit aldri korleis framtida utviklar seg. Eg ønsker berre å gjere mitt beste, score mål og vinne fotballkampar. Så får ein sjå kvar eg ender opp, men eg er veldig fornøgd med å vere der eg er, sa Moi nyleg.

Han har for å vere på den sikre sida ikkje noko favorittlag i England.

- Det er Real Madrid som har vore laget mitt i barndommen, seier Elyounoussi som jakter sitt første PL-mål.

Southampton rota bort tomålsleiinga til 2-2 mot Brighton måndag. Liverpool på si side har vunne alle kampar i Premier League denne sesongen.

Og i Champions League blei det draumestart med 3-2 mot franske PSG.

Liverpool kan starte ligasesongen med seks strake sigrar for første gong sidan 1990/91-sesongen. Då blei Anfield-laget nummer to til slutt.

(©NPK)

Mohamed Elyounoussi har fått ein fin start i Southampton. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Mohamed Salah i aksjon mot Tottenham sist helg. Foto: Tim Ireland / AP / NTB scanpix