Molde og Sarpsborg vann i Spania

Molde og Sarpsborg 08 vann kvar sin kamp under treningsopphalda i Marbella fredag, mot lag frå høvesvis Estland og Latvia.

Molde vann 3-1 over Nõmme Kalju takka vere scoringar av Fredrik Aursnes, Erling Knudtzon og Martin Ellingsen. Det var den første av tre kampar for laget under Marbella-opphaldet. Tysdag ventar Lokomotiv Moskva, mens latviske Ventspils er motstandar fredag 1. mars.

Sarpsborg skulle eigentleg møtt Nõmme Kalju fredag, men bytte motstandar og vann 3-2 over Ventspils. Kristoffer Larsen scora dei to første måla, Jørgen Strand Larsen det siste.

Nysigneringa Sheldon Bateau teikna seg også i målprotokollen, men uheldigvis for feil lag med eit sjølvmål.

Strømsgodset og Ranheim testa også vinterforma på spansk gras fredag. Dei spelte 0-0 mot kvarandre i Sotogrande. Ranheim hadde dei største sjansane og var nærast siger. Den største moglegheita var eit stolpetreff frå Ivar Sollie Rønning.

(©NPK)

Martin Ellingsen scora då Molde slo Nõmme Kalju 3-1 i ein treningskamp i Spania fredag. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix