Molde-spelar slepp to nye valdtektspåstander

Molde-spelaren som er tiltalt for sovevaldtekt i 2017 får ikkje to nye valdtektspåstander mot seg handsama etter at politiet har lagt bort sakene.

Det stadfestar den nye advokatent til Molde-spelaren, Mette Yvonne Larsen, til NRK tysdag.

Det var advokat John Christian Elden, som representerer kvinnene i to av dei tre sakene, som ville at politiet skulle sjå på påstandane etter at fotballspelaren vart frikjend for den eine saka i første rettsinstans i august 2017 . Kvinna anka domen til lagmannsretten.

Dei nye sakene var frå Sverige i 2015 og Noreg i 2014. 2015-saka vart aldri opna igjen, mens 2014-saka vart lagt bort av Vest politidistrikt.

- Sakene er lagt bort. Dei fann ingen straffbare tilhøve. Politiet vurderte at bevisa klart talte mot straffbare tilhøve, sa Larsen til NRK.

Larsen opplyser at dei vurderer å melde kvinna frå 2014-saka for «sjikane». Fotballspelaren og kvinna frå 2014-saka var kjærastar det året.

- Det er liten tvil om at politiet si melding i saka skildrar ei valdtekt, meiner Elden.

Episoden frå nachspielet frå 2017 skal framleis handsamast i lagmannsretten februar 2019.

(©NPK)

Mette Yvonne Larsen er forsvararen til Molde-spelaren som er skulda for voldtekt. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix